Aktuelt - Norsk Fysioterapeutforbund.

Norsk Fysioterapeutforbunds studentpris for 2024

Skrevet av Norsk Fysioterapeutforbund | 13.des.2024 10:51:18


Vann pris for bacheloroppgåve om passiv skjermtid og motorisk utvikling

Norsk Fysioterapeutforbunds studentpris for 2024 er tildelt Margit Nikoline Langballe (til venstre) og Sara Marie Langvatn Krumsvik. Vi gratulerer prisvinnarane!

Vinnaroppgåva blei levert ved UiT – Noregs arktiske universitet, og er no altså kåra til beste bacheloroppgåve i 2024 av Fag- og utdanningspolitisk råd i Norsk Fysioterapeutforbund.

Tittel på oppgåva:

Passiv skjermtid og motorisk utvikling hjå barn i førskulealder i eit fysioterapeutisk perspektiv – ein litteraturstudie

Juryen skriv at kandidatane – med utgangspunkt i problemstillinga «Kva forskingsbasert kunnskap finst om påverknadane som passiv skjermtid har på motorisk utvikling hjå barn i førskulealder, 0-6 år?» – har skrive ei oppgåve av god kvalitet, med eit relevant tema for fysioterapifaget.

Juryen peikar spesielt på følgjande sterke sider ved den prisvinnande bacheloroppgåva:

«Tar tak i et viktig og høyaktuelt tema innenfor fysioterapi, folkehelse og barns utvikling. Gjør rede for definisjoner, anbefalinger og begreper på en god måte. Viser at de har satt seg inn i tematikken. Har gjort et stort arbeid og jobbet seg igjennom mye fagstoff.»

Hjartelege gratulasjonar frå Norsk Fysioterapeutforbund til Margit Nikoline Langballe og Sara Marie Langvatn Krumsvik i høve studentprisen!